To menn mista førarretten etter råkøyring på denne vegen
To menn må klara seg utan førarkortet i ein periode grunna køyringa deira fredag kveld.
— Utrykkingspolitiet hadde kontroll på Hegglandsdalsvegen fredag kveld i 20.30-tida. Det står ikkje noko om kor mange dei kontrollerte, men det kjem fram at ein ung mann mista førarkortet etter å ha køyrd i 83 km/t. Det er 50-sone på staden, opplyser politioverbetjent, Atle Birkeland.
Han var ikkje åleine om å møta denne skjebnen fredag kveld. Ein mann i 20-åra som kom forbi litt seinare, blei også tatt for å køyra for fort. Han køyrde i 70 km/t, noko som isolert sett ikkje er nok til å tapa førarretten. Men den unge mannen hadde samla opp åtte prikkar eller meir i løpet av dei siste tre åra, og taper føreretten dei neste seks månadene — jamfør denne oversikta.
Artikkelen held fram under annonsen.