Takkar supporterane
- Støtta me fekk frå supporterane i helga har eg sjeldan sett makan til i 3. divisjon, seier Lysekloster-kaptein Baste Jonassen
Speleforholda var vanskelege i siste og avgjerande kamp mot Bjarg, men Lysekloster-kapteinen seier det nok var mykje verre for dei som var på tribunen. Han er overgjeven over alle supporterane som tok turen til Stavollen.
- Støtta me fekk frå supporterane i helga har eg sjeldan sett makan til i 3. divisjon. Det plar ikkje vera mykje lyd i supporterane på dette nivået, og det er sjeldan eg får følelsen av at det er noko særleg atmosfære kring kampen. Men på laurdag var supporterane heilt fantastiske, og på slutten eksploderte det heilt, seier Jonassen og held fram:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det var klart mest Lysekloster-supporterar på tribunen, og me prøvde å takka dei så godt me kunne. Det er kjekt å sjå at så mange bryr seg. Eg gler meg til å treffa nokre av dei på fest i helga. Det er kjekt å få møta dei som står rundt laget også. Dei fortener å få vera med på ein skikkeleg fest.
Har følt presset frå Sotra
For kaptein Jonassen vart det ein tidleg kveld laurdag, då spelarane tok ein spontan-tur til Lysekloster-back Aleksander Andersen i Bergen for å feira opprykket.
- Eg var vel "ferdigspelt" i halv to-tida, humrar Jonassen og legg til:
- Eg er ikkje heilt i form. Kampen, og det ruskevêret som var, tok på. Men eg er klar til årsfesten, som vert den offisielle oppryksfesten, til helga.
Midtstopparen fortel at det er ein fryd å vera kaptein for munkane, som ikkje har tapt ein einaste seriekamp i år.
- Det har vore ein fantastisk sesong. Alle har verkeleg stått på. På trening har det alltid vore godt humør og skikkeleg trøkk. Sjølvsagt har me følt presset frå Sotra som har vore rett i rygg på oss heile vegen inn, men me har takla presset.
Alle gode ting er tre
I 2013 var Lysekloster nære på å rykka opp i 2. divisjon på første forsøk, men dei hamna til slutt to poeng bak Stord. I fjor var dei langt unna opprykk, 13 poeng bak Odda. I år kunne dei endeleg jubla for opprykk. Sotra spelte uavgjort mot Varegg, og Lysekloster slo Bjarg 3-1. Munkane avslutta med tre poeng meir enn Sotra.
- Det hadde vore tøft å ta fatt på ein ny sesong i 3. divisjon, særskilt slik som sesongen har vore. Det skal bli kjekt å møta alle spelarane på trening i dag, seier Lysekloster-kapteinen.