Laserkontroll: UP hadde laserkontroll på Nore Neset måndag. Dette er eit arkivfoto frå laserkontroll i Hegglandsdalen.

Utrykkingspolitiet flytta seg rundt i Nore Neset-området og tok tre fartssyndarar

UP hadde kontroll to stader måndag.

— Det kjem fram av loggen at utrykkingspolitiet hadde laserkontroll to stader måndag. Først i Hagaviksbakken, og så ved Os Lakk og Karosseri. Det resulterte i tre forenkla førelegg. Høgaste fart på staden var 66 km/t, fortel politioverbetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Atle Birkeland.