Jørgen og venene med nytt isbadeshow. Denne gongen til inntekt for kreftsjuk veninne
Sist helg lagde dei baluba og underhaldning på Ulvenvatnet. Laurdag var det fullt isbadeshow på Kyrkjetangen. Alt i regi av Jørgen Alfheim.
34-åringen frå Os ønskte å laga eit isbadeshow for å samla inn pengar til si kreftsjuke veninne Merete Nodland. I starten hadde han to-tre personar som skulle bada. Etter at jungeltelegrafen hadde gått, hadde han 50—60 personar med seg uti badekulpen innanfor Straume bru i Nordåsvannet.
— Det var bra show på Ulvenvatnet sist helg, men her overgjekk me oss sjølve. Det var heilt vilt. Verkeleg både sprøtt moro, og ikkje minst innbringande for ho me samla inn pengar for, fortel karen frå Banktjørnhaugen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rørt venninne
Med på «velgjerdstoget» frå Os, hadde Jørgen mellom anna kona si Iselin, kokk Lukas Brekke, fotograf Torgeir Holme og videofotograf Ole Henning Bøe.
— Det er enormt kva folk stiller opp på og gjer gratis om dei berre har det artig når det pågar, ler Alfheim, og legg til:
— Me skal laga video av heile seansen. Også inntekta av den skal gå til Merete.
Under showet køyrde Lukas Brekke på med gulrot- og appelsinsuppe. Den vippsa folk for å få servert. Alt til inntekt for Merete.
— Ho kom, ho også. Ho vart ganske så rørt og glad for det me hadde stelt i stand, fortel Alfeheim.
Spleisen er no komen opp i nær 24.000 kroner. Då er Vipps-pengane frå laurdagens stunt ikkje talde med.
— Me hadde også støtte og bidrag frå fleire bedrifter i Os. Me er veldig takksame for støtta, seier Alfheim.
Ski, skøyter og dykking
Medan stuntet i Ulvenvatnet var noko spontant, var det i kulpen utanfor Kyrkjetangen meir regissert.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Med hadde fleire nummer. Éin gjekk på skøyter og fauk uti kulpen. Ein annan på ski. Så hadde me også han kompisen min som driv med kampsport som sparra seg varm før han køyrde baklengs salto uti. I tillegg hadde me med oss ein kar som driv med dykking som dykka under isen. Han var også til stades og såg til at tryggleiken vart ivareteken heile vegen.
Av andre osingar som var med på velgjerdsstuntet, var Henrik Torp og Marie Klokkarnes og to unggutar.
— Dei yngste var sonen min Knut Leander Alfheim og Marie og Henrik sin son Kristoffer Klokkarnes. Dei er berre 10-11 år gamle, så det var litt stilig, fortel Alfheim stolt.
— Blir det fleire badestunt på dykk i tida framover?
— Hehe, me skal jo alltid gjera det større, så då må det planleggjast. Men du skal slett ikkje sjå bort frå det, ler 34-åringen.