Har fått ansvaret for å sjekka at smittevernreglane blir følgde: - Akutte brot vil bli melde til politiet
Tilsette ved Bjørnafjorden brann og redning har fått ansvaret for å sjekka at reglane i covid-19-forskriftene vert etterfølgde.
Det er Bjørnafjorden kommune som har ansvar for å kontrollera at tiltaka i covid-19-forskrifta og den nye, lokale forskrifta for byggeplassar blir følgde.
Kommunen opplyser at det er tilsette ved brannførebyggande avdeling ved Bjørnafjorden brann og redning som skal syta for at reglane for mellom anna innreisekarantene, isolasjon og arrangement blir etterlevde i kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg skal dei utføra tilsyn gjennom stikkprøver og uanmelde besøk ved byggeplassar og butikkar.
– Brannførebyggande avdeling får opplæring av kommuneoverlegane, slik at dei kan gi råd og rettleiing i samband med tiltaka, i tillegg til å ha fysiske tilsyn, opplyser kommunen.
Tilsynsordninga blir innført i samarbeid med politiet, og akutte brot på reglane vil bli melde til politiet.