Både Arbeidarparti-ordførar Trine Lindborg (f.v.), Tina Bøe Buer (MDG) og Bjarte Samnøy (Krf) røysta for å oppheva tiggeforbodet i 2019.

No er Bjørnafjorden einaste kommune i landet med tiggeforbod: — Pinleg!

Etter at Sola kommune oppheva sitt tiggeforbod for ei veke sidan, er Bjørnafjorden åleine i Norge. — Pinleg, synest Tina Bøe Buer (MDG).

— Nei, er det sant? Uff, dette er pinleg, sukkar kommunestyrerepresentant for MDG, Tina Bøe Buer.

Torsdag 4. februar oppheva Sola kommune sitt tiggeforbod. Dermed kunne NTB melda at Bjørnafjorden kommune står åleine igjen på landsplan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os kommune, med Høgre og Frp i spissen, innførte tiggeforbod i juni 2017.

Etter at det nye kommunestyret for Bjørnafjorden trådte saman før jul i 2019, føreslo MDG, med Tina Bøe Buer i spissen, å oppheva forbodet.

Fleirtalet, beståande av Høgre, Frp, to representantar frå Senterpartiet og Harald Lekven (uavhengig), røysta imot ei slik oppheving.

– Ein del av tiggarane har vore veldig pågåande og skapt ordensforstyrringar. Hjelp kan ein få, men tigging er ikkje måten å gjera det på. Vi vil ikkje ha det slik, etter mitt syn, sa Harald Lekven den gongen.

Må vera lov å be om hjelp

— Trur du det er nokon vits i å prøva igjen?

— Vi er jo framleis dei same politikarane i kommunestyret. Likevel, det blir ganske dagsaktuelt når vi er dei einaste i Norge med eit slikt forbod. Eg må seia at det er pinleg, seier Bøe Buer.

Hennar haldning, då som no, er at eit forbod bryt med menneskerettane.

— Slik eg forstår desse rettane, kan vi ikkje nekta nokon å be om hjelp. Så må det vera opp til politiet, og ikkje oss politikarar, å avgjera om det er reell naud eller organisert kriminalitet som ligg bak.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Blir du motivert til å ta opp att saka når Bjørnafjorden er åleine i Norge?

— Absolutt. Det var pinleg den gongen, men det er endå verre no.