Her vil ein møta stengd port i minst éi veke
— Erfaringsmessig veit vi at kundar som har køyrd heimanfrå med avfallet sitt, ikkje har så lyst til å ta avfallet med heim igjen, seier Tina Skudal i BIR.
Klokka 13.00 blei alle BIR sine gjenvinningsstasjonar stengde. Alle som hadde tenkt seg til gjenvinningsstasjon med avfall, blir bedne om å venta minst ei veke.
— Vi vil opna så snart ei vurdering av smittesituasjonen tilseier at det er forsvarleg, og no bed vi kundane våre om å vera med på denne viktige dugnaden, seier Skudal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunikasjonsrådgjevar Skudal, håpar at dei når flest mogleg med nyhendet om at dei er stengde.
— Erfaringsmessig veit vi at kundar som har køyrd heimanfrå med avfallet sitt, ikkje har så lyst å ta avfallet med heim igjen, og nokre let seg kanskje bli freista til ei lettvint løysing og dumpa avfallet.