Jødehat i NRK
Dette er jødehat i 2021. Det er som om det skulle vore ein kopi fra Nazi-Tyskland sitt jødehat før og etter 2. verdskrig.
I NRK tysdag var det ein programleiar som mellom anna uttalte: «Vi må bare aldri glemme hvor ræva Israel er, det er sykt viktig at vi aldri glemmer det. Vi må aldri glemme hvor ræva Israel er». Vidare uttalte han at: «Det er nesten som jeg skulle ønske at vaksinen ikke virket i Israel».
Dette er jødehat i 2021. Det er som om det skulle vore ein kopi fra Nazi-Tyskland sitt jødehat før og etter 2. verdskrig.
Artikkelen held fram under annonsen.
NRK er eigd av skattebetalarane i Norge. Vi kan ikkje finna oss i dette. Difor må:
* Ansvarleg statsråd snarast be Israel om unnskyldning.
* Ansvarleg statsråd må koma til Stortinget og forklara kva som har hendt og kva statsråden vil gjera med dette.
* Kringkastingssjefen må vurdera tilsetjingsforholdet til vedkomande journalist.
Magne Djuvik
Uavhengig kommunestyremedlem
Bjørnafjorden
Medlem Partiet De Kristne
Artikkelen held fram under annonsen.
Red.anm: Uttalelsane kom i NRK P13-programmet «Shaun på P13» tysdag. NRK har i etterkant beklaga innslaget og opplyst at denne delen av programmet vil bli avpublisert, skriv Medier24.