228: Dei ekstra dosane betyr at kommunen kan gi til saman 228 personar første vaksinedose neste veke.

Gladmelding på vaksinefronten: Får dobbelt så mange dosar neste veke

Fredag morgon kom det gladmelding frå Folkehelseinstituttet.

– Vi får omtrent dobbelt så mange vaksinedosar neste veke (veke 5) som vi opphavleg var førespegla, opplyser kommunen.

– Flotte nyheiter!

Kommuneoverlege Klaus Melf har no sendt ut tilbod til dei som få vaksine på onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er flotte nyheiter! Vi har alt kalla inn 90 personar frå prioriteringsgruppe nummer 2, altså heimebuande personar over 85 år, til vaksinasjon onsdag 3. februar, seier Melf.

Dei ekstra dosane betyr at kommunen kan gi til saman 228 personar første vaksinedose neste veke.

– Då vil alle i denne prioriteringsgruppa ha fått første dose, og vi kan begynna å vaksinera neste prioriterte gruppe, nemleg dei mellom 75 og 84 år, seier Melf til kommunen sine heimesider.

Snart klart for neste gruppe

Melf opplyser at dei truleg vil starta vaksinasjonen av prioriteringsgruppe nummer 3, personar 75-84 år, frå veke 6.

– Men dette kjem sjølvsagt an på kor mange dosar vi får. Dei eldste vil få tilbod først, og så jobbar vi oss nedover i årsklassene. Vi kjem tilbake med meir informasjon når vi veit meir, seier kommuneoverlegen.