Har motteke tilbod: Desse vil utarbeida reguleringsplan for ny E39
Statens vegvesen har motteke tilbod på konsulenttenester for å utarbeida detaljreguleringsplanen for ny E39 Ådland-Svegatjørn.
Konsulentoppdraget vart lyst ut i november i fjor med tilbodsfrist 28. januar i år.
Tilbydarane er:
Artikkelen held fram under annonsen.
Multiconsult
Norconsult
COWI
Asplan Viak
SWECO Norge
Reguleringsplan skal vera klar i 2022, ifølgje Statens vegvesen.
– Regulering av E39 Ådland-Svegatjørn er eit stort oppdrag med 55 km firefelts motorveg dimensjonert for 110 km/t inkludert to store fjordkryssingar. Vegprosjektet ligg i kommunane Stord, Tysnes og Bjørnafjorden. Forslag til reguleringsplan skal etter planen vera klar i mars 2022, heiter det i ei pressemelding.
Kontrakten som er lyst ut , inneheld òg fire opsjonar som kan løysast ut i kontraktsperioden. Statens vegvesen startar no arbeidet med å evaluera tilboda, og har som mål å inngå kontrakt i månadsskiftet februar/mars.