Vil trygga dei unge: SLT-koordinator Elin Tuft (t.v.) og ungdomskonsulent Anne Solberg Andersson er to av dei som står bak innlegget.

— Det skal vere trygt å vera ungdom i Bjørnafjorden

Vi har den siste veka høyrt og lese mykje om to valdsepisodar i Os sentrum. Vi ønskjer å trygga ungdomar og vaksne med litt informasjon om korleis vi opplever ungdomsmiljøet, og litt om korleis vi arbeider i miljøet.

Dette er pågåande straffesaker som politiet arbeider med. Difor kan vi sjølvsagt ikkje gå inn i detaljar rundt dette, men vi vil seia klårt ifrå om at dette gjeld berre nokre få ungdomar frå vår kommune.

Dei fleste involverte i sakene kjem utanfrå. Vi har ikkje indikasjonar, verken frå ungdomar sjølv eller våre samarbeidspartar, på at dette er ein trend eller noko som gjeld store delar av ungdomsmiljøet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Beefing - avtalte slåsskampar

Politiet og fleire tenester i kommunen har fokus på, og arbeider rundt nokre få enkeltungdomar, for å avgrensa og stoppa det vi har vore vitne til dei siste vekene. Barnevern og politi har òg bekymringssamtalar og følgjer opp der dei ser at det er naudsynt.

Bjørnafjorden lensmannskontor har tett dialog med politiet i den kommunen dei andre ungdommane kjem frå.

Ein har sett andre stader i landet at «beefing» (ungdomar som gjer avtale om å treffast for å slåss) har utvikla seg. Dette er òg ei av årsakene til at vi ønskjer å stoppe at dette får utvikle seg.

Det er ulovleg å dela filmar utan samtykke

For å kunne avgrense og stoppe ei eventuell utvikling, er vi heilt avhengige av at blant anna foreldre og føresette snakkar med sine ungdomar om temaet.

Veldig mykje kommunikasjon mellom ungdomar skjer via sosiale media, og er utfordrande for oss vaksne å fange opp.

Vi veit at mange av ungdomane har sett filmane frå valdsepisodane, og at fleire ungdomar har lagra desse på telefonane sine. Det er svært viktig at ungdomane får beskjed om at det er ulovleg å dele filmar og bilete av andre, utan dei involverte sitt samtykke.

Dersom personen på film/bilete er under 15 år må foreldre/føresette også gje samtykke. Vi oppmodar sterkt til at dei som har desse filmane, slettar desse frå telefonane sine. Eit viktig bodskap er òg at foreldre/føresette har hovudansvaret for kvar ungdomane oppheld seg, både fysisk og på nettet.

Meir synlege i sentrum

I tillegg til oppfølginga av enkeltungdomane som tidlegare nemnt, så vil vi ha fokus på å trygge ungdommne våre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meistringsteamet vil til dømes vera meir synlege i sentrum etter skuleslutt.

Ung Arena (som nærmar seg utviding av opningstidene) og Helsestasjon for ungdom, held fram med å vere ope dei faste dagane, og politiet vil vera ute og treffa ungdoamane.

På skulane treff ungdomane trygge vaksne som dei alltid kan snakka med om dei opplever eller høyrer om noko som kjennes utrygt. Ungdommane kan òg ta direkte kontakt med oss dersom dei ønskjer det.

Helsing nokre av oss som arbeider med og for ungdomar i Bjørnafjorden;

Anne Lyssand, politikontakt Bjørnafjorden lensmannskontor

Linda Hevrøy, leiar Barnevernet i Bjørnafjorden

Merete Lekven, leiar Meistringsteamet

Elin Tuft, SLT-koordinator

Artikkelen held fram under annonsen.

Anne Solberg Andersson, ungdomskonsulent