Osingane ramlar og slår seg som aldri før
Hos Os og Samnanger legevakt har dei i alle fall merka ein klar auke i fall- og brotskader siste tida.
— Ja, i alle fall no i helga, seier avdelingsleiar Cathrine Aasen.
Dei fleste skadane ser likevel ikkje helsepersonellet på Moberg noko til.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Nei, vi viser slike skader rett til Bergen legevakt når dei tek kontakt på telefon. Der har dei nemleg røntgen. Unntaket er dersom pasienten treng tilsyn og smertestillande eller har skadar som krev ambulanse og hjelp med det same. Nokre brotskadar kan forårsaka store blødningar, og då kan det vera kritisk, seier ho.
Aasen sit ikkje med nokon statistikk over kva type brotskadar det er snakk om.
Armar og bein
Men hos Skadepoliklinikken ved Bergen legevakt, kan avdelingsoverlege Torbjørn Hiis Bergh opplysa at det er mykje brotskadar og forstuingar i armar og bein. Ofte som følgje av aking og skigåing.
— Vi har hatt mykje skader frå Bergen og distrikta rundt i det siste, men eg har dessverre ikkje tal over kvar einskild kommune, seier han.