Jula varer heilt til påske...: Her er vinnarane av rampenissekonkurransen
Rampenissen var fast innslag i julesendinga til Os & Fusaposten før jul. No er vinnarane av konkurransen trekt.
I julesendinga til Os & Fusaposten dukka rampenissen opp med ujamne mellomrom med eit kort frå ein kortstokk i handa. Summerte ein verdien på dei fire korta han viste fram i løpet av sendinga, skulle ein koma fram til talet 27.
Det klarte desse tre:
Artikkelen held fram under annonsen.
Sunniva Holmefjord, Kristoffer Lien Holmefjord og Anne Heggland.
Dei tre får tilsendt gåvekort à 300 kroner i posten på høvesvis Fjorden Senter og Amfi Os.