Har fått svar på kontrolltest etter opplysningar om påvist covid-19-tilfelle
Kvinne i 60-åra likevel ikkje smitta.
Kommunen melde tidlegare torsdag om ei kvinne i 60-åra som fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune i går, 6. januar. No har kommunen fått svar på kontrollprøven. Denne var negativ, og det betyr at ho likevel ikkje er smitta.
– Kvinna har ikkje hatt symptom, og har ikkje vore i nærkontakt med smitta. Kontrolltest blei difor tatt, og kommuneoverlegen fekk prøvesvar i føremiddag. Prøven er negativ, stadfestar kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.