Eitt nytt tilfelle av covid-19 onsdag - var utan symptom
Ei kvinne i 60-åra fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune i onsdag.
Kvinna har ifølgje opplysningar på kommunen sine heimesider, ikkje hatt symptom, og har ikkje vore i nærkontakt med smitta.
– Kontrolltest er difor tatt, og kommuneoverlegen ventar prøvesvar i dag. Nærkontaktar er sett i karantene i påvente av svar på kontrolltesten, skriv kommunen.