– Smittetrykket her er lågt, men målet er å unngå oppblomstring
Bjørnafjorden kommune følgjer dei nasjonale tiltaka.
For å avgrensa ny auke i smitte, har regjeringa sett i verk nye nasjonale smitteverntiltak frå 4. januar. Tiltaka vil i første omgang vara i to veker, for å få betre oversikt over situasjonen.
- Smittetrykket i Bjørnafjorden kommune er lågt. Men målet med desse forsterka smitteverntiltaka er å hindra ei oppblomstring av smitte etter at mange nordmenn har vore på reise og treft andre menneske enn sine aller nærmaste i jula, seier ordførar Trine Lindborg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det blir innført raudt nivå for smittevern i ungdomsskular og vidaregåande skular. Søndag sende Vestland fylkeskommune ut melding til alle elevar i vidaregåande om at det vert heimeskule måndag.
- Vi anbefaler at oppstart av all organisert fritidsaktivitet, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livsynssamlingar innandørs, også for born og unge, blir utsette til etter 18. januar, seier Lindborg.
Bjørnafjorden kommune anbefaler i tillegg munnbind på butikkar og andre offentlege plassar der det er fare for at du ikkje kan halda 1 meter avstand.