Sitje inne på nyttårsafta? Her kan du sjå fyrverkeri ved midnatt.
Presis klokka 24 kan du sjå fyrverkeriet frå 1. nyttårsdag i Osøyro på YouTube.
— Sidan det ikkje blir noko felles fyrverkeri 1. nyttårsdag denne gongen, tek vi ein reprise på ProPyros fantastiske fyrverkeri frå eitt år sidan.
Det fortel kulturkonsulent i Bjørnafjorden kommune, Stine Kobbeltvedt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Videoen finn du ved å melda deg på arrangementet som ligg ute på kommunens Facebook-side eller på denne linken. Då får du ei påminning litt før det heile brakar laus ved midnatt.
— Ein kan jo samlast i sofaen og ha nedteljing til videoen før midnatt. Det kan vere eit fint alternativ dersom ein sjølv ikkje skal senda opp fyrverkeri. Alternativt kan ein sjå det i morgon som erstatning for 1.nyttårsdag-fyrverkeriet.
Videoen blir ikkje tilgjengeleg før klokka 24, men etter det kan du sjå han når som helst.