Inntok tabelltoppen

Måndag inntok Søfteland A-lag tabelltoppen i 6. divisjon avdeling 01 etter å ha slått opprykksrival Fri 2-1 borte. Dei grøne og kvitstripa starta bra og tok leiinga ved Ramo Racic. Sidan jamna kampen seg ut og laget for Espeland kvitterte til 1-1.

Avgjerdsla fann stad fire minutt før full tid, då eit langt innkast vart stussa vidare til Remy Søfteland. Han skåra på heading og sikra tre poeng for gutane frå STILvoll. Søftelendingane leier tabellen, men har ein kamp meir spelt enn tabelltoar Fri.