Gult nivå på vidaregåande skule og heimeskule 21. og 22. desember
På grunn av lågare smittetal er det ikkje lenger raudt smittenivå ved nokon av dei vidaregåande skulane i Vestland. Det blir heimeskule på alle skulane 21. og 22. desember.
Det opplyser Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.
– Det blir heimeskule desse to dagane av omsyn til både elevar og lærarar. Det er ein del elevar i fylke som bur på hybel eller internat, og som skal heim til jul. I tillegg er det framleis område i fylke med høgt smittepress, sjølv om dette no går nedover. Elevar på tilrettelagde grupper vil få tilbod om fysisk undervisning, opplyser fylkeskommunen i pressemeldinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil unngå karantene i jula
– Vi trur både elevar, lærarar og føresette kjenner seg tryggare når dei går inn i julefeiringa med heimeskule desse dagane. Ein del elevar og lærarar har vore i karantene i haust, og vi har forståing for at dei fryktar ei jul med dei avgrensingane karantene gir. Vi håpar heimeskule dei to siste dagane før jul gjer elevane, tilsette og føresette litt mindre engstelege for at dei ikkje får feira den jula dei ønskjer, seier Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, i pressemeldinga.
Alle skular i Vestland som har hatt raudt nivå, går frå måndag over til gult. Raudt nivå har vore på dei vidaregåande skule i Bergen og sju nærkommunar.
– Grunnen til denne endringa er at smittetala har gått monaleg ned den siste tida. Ved gult nivå betyr det at alle elevar skal stille som normalt på skulen, vert det opplyst.