Avgjer sjølv om skulane skal få tidleg juleferie. Slik svarer kommunalsjefen
Tidleg juleferie for skulane kom opp som spørsmål også i tenesteutvalet onsdag.
Herborg Nordtveit (Sp) løfta spørsmålet om tidleg juleferie for skulane under covid-19-orienteringa i tenesteutvalet onsdag.
– Er det vurdert tidleg juleferie for barneskular og ungdomsskular slik at barnefamiliar skal få litt meir ro og fred før jul? Kanskje det er nokon born som skulle vore på skulen også, som er sårbare. Kunne dei i så fall fått tilbod om dette? Og er det vurdert heimeskule som alternativ til heilt fri, spurde Nordtveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunalsjef Line Rye Har opplyste at kommunen har fått spørsmål om dette også frå kommunalt foreldreutval, og konstaterte at det pågår nasjonale drøftingar.
– Me har ikkje teke stilling til dette enno. I skuleruta er det fastlagt tal skuledagar i løpet av eit skuleår, og det er i utgangspunktet ikkje lov å gå vekk frå dette utan heilt spesielle grunnar. Om det er noko med smittetrykket eller dei smittevernfaglege vurderingane no som skulle gjera det aktuelt med tidleg juleferie, kan eg ikkje sjå. Det vert i så fall ei vurdering for Kommunal kriseleiing, sa Rye.
– Men me skal vurdera innspela som har kome både frå politisk hald og kommunalt foreldreutval.
På spørsmål om heimeskule dei siste dagane før jul, påpeika kommunalsjefen at mange familiar vil oppleva det som krevjande.
- Mange born vil klara seg godt sjølve, men i mange familiar krev dette at føresette er heime. Det er mange perspektiv i dette, men heimeskule er også noko foreldreutvalet har bede oss sjå på. Me skal drøfta det, sa Rye.
– Kommunane bestemmer
Kunnskapsminister Guri Melby sa til VG torsdag at ho ikkje vil gje noko føringar.
– Det viktige er at den enkelte kommune kan bestemma dette fritt, gitt at dei tar vare på sårbare born og sikrar at elevane får det tal skuledagar dei har krav på. Elles skal ikkje eg leggja meg opp i dette, sa Melby.
Assisterande helsedirektør i Helsedirektoratet, Espen Rostrup Nakstad, seier til VG at både ungdomar og vaksne bør avgrensa kor mange forskjellige personar dei har sosial kontakt med den siste veka før jul.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Då reduserer ein risikoen for å smitta andre i familie og slekt i jula og man reduserer også sjansane for å hamna i karantene på grunn av nærkontakt med nokre som viser seg å vera smitta, seier han til VG.