Fem nye tilfelle - eitt med uavklart smitteveg
Fem personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune søndag.
Det opplyser kommunen måndag morgon.
Dette er dei fem nye tilfella:
Artikkelen held fram under annonsen.
Mann i 60-åra. Kjend smitteveg, nærkontakt til bekrefta smitta i Bergen kommune.
Mann i 40-åra. Kjend smitteveg, nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden kommune.
Kvinne i 50-åra. Kjend smitteveg, nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden kommune.
Kvinne i 50-åra. Kjend smitteveg, nærkontakt til bekrefta smitta i Bergen kommune.
Kvinne i 40-åra. Uavklart smitteveg.
Nærkontaktar er varsla i alle tilfella, opplyser kommunen.