Elev på 8. trinn har fått påvist covid-19. Elevar og lærarar i karantene
Melding til føresette til elevar ved Os ungdomsskule har gått ut måndag kveld.
Elevane og lærarane på 8. trinn på Os ungdomsskule må i karantene for å hindra potensiell smitte etter at ein elev på trinnet har fått påvist covid-19.
Det skal ikkje vera grunn til å tru at elevane på dei andre trinna på skulen har vore utsette for smitte.