Visjonane: Visjonane kan vera dagsenterdrift, fleire leilegheiter og funksjonable kontor.

Kan brannstasjonen som eigentleg har vore feilplassert i mange år, no koma Hellemyra til nytte?

Er det ikkje på tide at dei som vart totalt oversett då brannstasjonen vart bygd, no får utnytta moglegheitene som ligg der?

Det vart store protestar mot at brannstasjonen skulle byggjast på denne tomten i 1996. Tomta ligg rett framfor Hellemyra bufellesskap som då nett var bygd (1994).

Men protestane førte ikkje fram og det vart bygd ny brannstasjon som tok heile utsikta og vel så det. Ved utrykking vart det tidvis uroleg for bebuarane. Men me er laga slik at ein tilpassar seg og gjer tiltak for å tilpassa seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2018 skulle brannstasjonen byggjast ut grunna lovverk som kravde det. Protestane kom då også, fordi Hellemyra ville ha blitt endå meir inneklemt. Og heldigvis er ein ny, flott brannstasjon snart klar til å takast i bruk på Eikelandsheiane. Kjempebra!

Men kva no ? Bjørnafjorden kommune har mange tilsette på Hellemyra.

Me ser tallause moglegheiter for ulik drift i denne bygningen.

Er det ikkje på tide at dei som vart totalt oversett då brannstasjonen vart bygd, no får utnytta moglegheitene som ligg der? La brannstasjonen bli ein del av Hellemyra.

Arbeidsmiljø og sunne aktivitetar rundt heimen er ein viktig del av kvardagen miljøarbeidet som blir utført her.

I vår fekk Hellemyra ei pengegåve frå Saniteten i Eikelandsosen. Det førte til starten på planting av frukttre og fruktbusker. Bebuarane trivst godt med aktivitetar av slik art i nærmiljøet. Så ein visjon kan vera å få jobba vidare i denne hagen som ligg inneklemt mellom Hellemyra og brannstasjonen.

Visjonane kan vera dagsenterdrift, fleire leilegheiter og funksjonable kontor. Ja, det er mange moglegheiter. Verda kan vera fargerik med mange moglegheiter når ein ser med rett blikk.

Reidun Eikeland

Artikkelen held fram under annonsen.

Plasstillitsvald

Fagforbundet avd. Hellemyra Brakabygda