Nye tiltak: Torsdag kom det tiltak frå kommunen for å bremsa smittesituasjonen. Det er varsla at det kjem fleire tiltak fredag.

Nye koronatiltak: Påbod om heimekontor og raudt nivå på vidaregåande skular

Kommunen jobbar med ei forskrift, men alt torsdag kveld kom dei med nokre av tiltaka som no blir innført for å bremsa smitteutviklinga.

Felles utfordring — felles tiltakspakke, skriv Bjørnafjorden kommune på heimesida si.

Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden kommunar går saman om ein felles tiltakspakke for å bremse smitteutviklinga i regionen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunane går saman etter råd frå Folkehelseinstituttet og helseminister Bent Høie.

Kommunane jobbar med ei forskrift. Denne er ikkje klar men alt torsdag vil dei melde om nokre av tiltaka som blir innført no.

* Ny maksgrense på 5 personar i privat heim — det er unnatak for familiar som er fleire enn fem og barn som er i same kohort i barnehagen eller på barneskulen.

* Påbod om heimekontor for alle som kan ha heimekontor.

* Påbod om digital undervisning for høgskule og universitet.

* Raudt nivå på vidaregåande skular.

* Breiddeidrett for vaksne over 20 år blir stengt.

* På same måte vil vi si nei til (til dømes) korøving og korpsøving for vaksne.