Mann i 50-åra har fått påvist covid-19
Smittevegen kjem frå Bergen.
Ein mann i 50-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Han er smitta via nærkontakt med eit anna kjent smittetilfelle. Smittevegen kjem frå Bergen, opplyser kommunen.
- Den smitta har vore i karantene, og har difor ingen andre nærkontaktar, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.