Oppdatert: Mann velberga i land etter kajakkvelt i Lysefjorden
Den mannlege kajakkpadlaren vart teken med til land av ambulansebåt.
Like før kl 11 melde politiet om kajakkvelt ved Balandsneset i Lysefjorden. Meldinga kom frå ein gjeng som stod på land og observerte kva som skjedde.
Samtlege naudetatar rykte ut til Lysefjorden. Os brann og redning stod klare med dykkarar og eigen båt, men vart sende i retur.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hovudredningssentralen (HRS) overtok nemleg ansvaret for redningsaksjonen og dirigerte ambulansebåten frå Austevoll til staden.
Den mannlege kajakkpadlaren kom seg sjølv i land på ei lita øy og melde frå at han var uskadd, men medteken. Han vart henta av ambulansebåten og fekk skyss i land.
HRS opplyser at mannen ikkje hadde behov for vidare helsehjelp.