Kollisjon mellom ung jente på el-sparkesykkel og bil - politiet er interessert i tips i saka
Ulukka fann stad måndag.
Ulukka skal ha skjedd ca kl 17.00 i krysset Velumsbrekkene/Reset på Haugland.
– Det var ei ung jente som var involvert. Ho har i ettertid fått påvist skade, og politiet ønskjer å koma i kontakt med førar av bilen. Vi er sjølvsagt også interesserte i å koma i kontakt med vitne som har observert hendinga, seier Atle Birkeland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han presiserer at førar per no ikkje er mistenkt, men at politiet ønskjer å finna ut kva som faktisk skjedde og hva som var årsaka til ulukka.
Gebyr
Politiet minner også om at det går mot vinter og bruk av vinterdekk.
- Det er viktig å ha gode dekk og minimum 3 mm mønsterdjupne på vinterstid, påpeikar Birkeland.
Tysdag fekk ein førar totalt 1.500 kr i gebyr for slitte dekk (750 kr pr dekk) på E39 Byvegen.