Bil hamna i skråning etter ulukke
Føraren blir sett til av ambulansepersonell.
Politiet melder måndag kveld om ei trafikkulukke på Søfteland. Éin bil skal vera involvert i ulukka.
Bilen har hamna utfor vegen og ligg i ein skråning. Føraren, den einaste personen i bilen, skal vera oppegåande og tilsynelatande lettare skadd, og er sett til av ambulansepersonell.
Artikkelen held fram under annonsen.
Like før klokka 22 var det manuell dirigering på staden.