Klar: Tore Kleppe (Frp) var klar på kva han meiner er viktig for å lukkast i utfordrande barnevernssaker.

Tore Kleppe meiner dette er ein nøkkel i barnevernet sitt arbeid

– Det er mykje lettare å få til gode løysingar for borna og familiane i fredstid.

Det sa Tore Kleppe (Frp) då politikarane i tenesteutvalet onsdag drøfta den ferske tilstandsrapporten for barnevernet i Bjørnafjorden. Han løfta fram kjemien mellom familie og saksbehandlar som ein nøkkel.

Les også
La fram fersk rapport for politikarane: Slik er tilstanden i Bjørnafjorden barnevernsteneste

– Kjemi er eit nøkkelord. Kor mange saker har høgt konfliktnivå og kor mange saker har godt samarbeidsklima? Det er mykje lettare å få til gode løysingar i fredstid, poengterte Kleppe som tok til orde for at det bør vera rom for å skifta saksbehandlar dersom kjemien er dårleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tone Hepsøe (Ap) sit også med inntrykket av at mykje av støyen kring barnevernet i media, kjem av dårleg kjemi mellom dei involverte partane.

– Ein del hevdar opplevinga av barnevernet heng saman med kven ein møter i apparatet. Er det slik? Og er det rom for å skifta saksbehandlar dersom kjemien skjer seg, ville Hepsøe vita.

Ville vita: Tone Hepsøe (Ap)) ville vita kva 2-3 satsingsområde barnevernsleiaren såg for seg dersom det vart løyvd meir pengar.

Barnevernsleiar Linda Hevrøy stadfesta at kjemi spelar ei rolle i barnevernssaker, og at kjemi ofte heng saman med graden av bekymring hos dei involverte.

– Dette er det forska på. Barnevernet gjer ein god jobb på relasonsbygging i saker der bekymringsnivået er lågt. Når bekymringa aukar, vert det meir utfordrande, utdjupa ho.

Hevrøy la til at det hender at det vert byta saksbehandlar, og at det også er slik at éin saksbehandlar held seg til borna i ei sak, medan ein annan tek kontakten med dei føresette.

– Me må ha ulike tilnærmingar for å sikra ein god dialog med både borna og foreldra.

Det hjelper ikkje at Os & Fusaposten lagar ei sak der ei mor står med ryggen til, som eg ikkje veit kven er
Linda Hevrøy, Barnevernsleiar

2-3 satsingsområde

Tone Hepsøe (Ap), og fleire av dei andre politikarane, nytta høvet til å skryta av tilstandsrapporten.

Hepsøe meinte det er betryggande at det er halvtanna år sidan førre tvangsplassering av eit barn i Bjørnafjorden og at talet frivillige plasseringar har auka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho ville samstundes vita kva 2-3 satsingsområde barnevernsleiaren såg for seg dersom det vart løyvd meir pengar.

Hevrøy responderte at ho gjerne skulle ha tilsett ein brukarrepresentant som har vore gjennom eit barnevernsforløp.

– Det kan gje oss kompetanse frå «innsida» og vedkomande kunne vore ein brubyggjar i vanskelege saker.

Hevrøy skulle også gjerne hatt større ressursar til å yta meir bistand i heimane.

– Me har ein miljøterapeut, men det er mange timar i døgeret, konstaterte Hevrøy, som også meinte meir ressursar til førebyggjande arbeid gjennom Ung Arena ville hatt god effekt.

Les også
Har fått fire krav til gransking av barnevernet i Bjørnafjorden etter Samnanger-saka
Stilte spørsmål: MDG-politikar Torgeir Skjælaaen spurde om saker vert for fort lagde vekk, og om ein rekk å opparbeida eit tillitsforhold til barnet.

– Kor mykje vert borna involverte?

Torgeir Skjælaaen (MDG) viste til Forandringsfabrikken (ei stifting og eit kunnskapssenter som jobbar for å betra skule og hjelpesystema for born), som meiner det er avgjerande at ein kan bruka nok tid med borna til at dei skal føla seg trygge og koma fram med si historie.

– Vert borna informerte om kva som skjer og får dei vera med og påverka det som skjer vidare, spurde Skjælaaen.

MDG-politikaren spurde også om saker vert for fort lagde vekk, og om ein rekk å opparbeida eit tillitsforhold til barnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hevrøy opplyste at ei undersøking etter lova skal vera avslutta etter tre månader.

– I kontakt med born er tre månader lite. Ideelt sett skulle me ha prata med borna fleire gonger i veka over tid. Det er likevel avgrensa kor mykje me kan ta oss inn i ein familie der borna framleis skal gå på skule, ta del i fritidsaktivitetar og ha eit familieliv.

– Ville aldri godtatt det som mor

Hevrøy la til at det i dei sakene som blir tatt vidare, er meir rom for å skapa den naudsynte relasjonen.

– Me snakkar alltid med borna åleine når det er oppretta ei undersøking, og også i evalueringa av hjelpa dei får.

Barnevernsleiaren var samd i at Forandringsfakbrikken «har mange gode tankar», men at det kan vera utfordrande å følgja desse opp i praksis.

– Dei meiner mellom anna at ein skal starta alle undersøkingar med ein samtale åleine med barnet. Det hadde ikkje eg som mor syntest var greit. Det er også Fylkesmannen imot. I valdssaker derimot, går me alltid til barnet først, og avtalar kva me kan ta vidare til foreldra.

– Alltid barnet: - Viss me må velja, vil me alltid velja barnets beste, så får media skriva og gjera som dei vil, seier Linda Hevrøy.

– Openheit er avgjerande

Hans Vindenes (H) fortalde at han ved fleire høve har etterlyst at politikarar får innblikk i barnevernet sitt arbeid.

– I Fusa kommune var barnevernet i stor grad noko rådmannen og administrasjonen følgde opp. Me fekk berre greie på at dei «har kontroll». No viser jo denne tilstandsrapporten at dei stort sett har hatt kontroll, men denne openheita er viktig, sa Vindenes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner dette er måten å snu det negative mediebiletet som er skapt av barnevernet.

– Barnevernet skal vera til det beste for barnet og familiane. Det viser denne rapporten at det vert jobba for, sa Vindenes.

– Kritikk er bra

Barnevernsleiar Linda Hevrøy innleia gjennomgangen av tilstandsrapporten i møtet onsdag med følgjande spørsmål til politikarane:

– Kva avkastning vil de ha av investeringa i barnevernet? Skal me ha fokus på barnets beste, beskytta borna og ha fokus på å hjelpa borna og familiane, eller vil de ha foreldras gunst? Det er spørsmål de som politikarar må tenkja gjennom, sa Hevrøy.

Tore Kleppe meinte det ikkje var ei motsetning i å ivareta både born og foreldre.

– Men av og til må det takast avgjerder som er upopulære blant foreldra. Då er det viktig å ikkje ha klørne ute. Kritikk er eit negativt ord, men eg liker kritikk. Det gjev rom for å evaluera det me held på med. Alle kan veksa på å få både ros og kritikk, meinte Kleppe.

- Ver ombodsmenn

Hevrøy var samd med Kleppe i at det ikkje treng vera ei motsetning mellom bornas beste og «foreldras gunst», men at spørsmålet dukkar opp i dei sakene der dette ikkje er mogleg å kombinera.

– Nokre gonger har barnevernet gjort feilvurderingar og ikkje sett heilskapen. Andre gonger er det fordi foreldra rett og slett ikkje vil. Viss me må velja, vil me alltid velja barnets beste, så får media skriva og gjera som dei vil, utdjupa Hevrøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho understreka samstundes at ho alltid har vore mottakeleg for kritikk.

– Vi ynskjer at folk skal ta opp saker med oss. Viss me ikkje får vita, kan me heller ikkje gjera noko. Men det hjelper ikkje at Os & Fusaposten lagar ei sak der ei mor står med ryggen til, som eg ikkje veit kven er. Eg vil oppmoda folk til å vera ombodsmenn og -kvinner og hjelpa dei som har vanskeleg for å ta kontakt. Tilby deg å vera med. Vi skal prøva å retta opp det vi kan frå barnevernstenesta si side.