Hygiene-fokuset løna seg: Vil bruka pengegevinsten på ei ekte løve
Det var mange kreative forslag borna i Banktjørnhaugen barnehage hadde. Men det er nok ikkje mange av desse som det er aktuelt å bruka 5.000 kroner på.
Buss, stor ballong, rosa bil eller ei ekte løve. Eller kanskje pizza og snøkanon? Det var mange kreative forslag frå borna.
Banktjørnhaugen er ein av tre barnehagar som er trekt ut som vinnarar i Ren Hånd-kampanjen til Bergen kommune. For det fekk dei eit diplom og 5.000 kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Vi har hatt ein del om demokrati og barns medverknad. Det har kome fleire forslag til korleis pengane skal brukast. Eg tenkjer vi må avgjera det på demokratisk vis, seier Helene Kjærland.
For dagleg leiar, Gøril Rott, var det tydeleg at det var stas å bli trekt ut.
— Vi har teke del i Ren Hånd-kampanjen i mange år. Sikkert sidan dei starta med det. At vi blei trekt ut akkurat i år, som det er ekstra viktig og ekstra fokus på dette, er veldig kjekt, seier ho.
Representantane frå Bergen kommune, Ingvild Lindborg og Elisabeth Havnen, hadde nokre spørsmål til borna om hygiene, og det var tydeleg at korona hadde vore eit tema.
— Det kjem korona. Då har eg tatt sprit, seier eit av borna.
Damene lurte på kvifor det er viktig å vaska hendene.
— Jo, fordi at det ikkje skal koma bakteriar. Heller ikkje korona. Og då held vi oss friske, meinte borna.
— Kva tid er det viktig å vaske hendene, då?
Artikkelen held fram under annonsen.
— Når det er korona. Når vi har vore på do. Når vi kjem inn.
Passande nok var torsdag denne veka den internasjonale handvaskedagen. Det var nok ikkje heilt tilfeldig at utdelinga fall på denne datoen.