Jobbar med å finna smittevegen: Assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale (t.h.) fortel at det blir jobba intenst for å finna ut smittevegen til eitt av covid-19-tilfella som blei stadfesta onsdag.

Kommunen jobbar intenst: – Vi har stort sett vore heldige, men ikkje her

— Vi må avdekkja kvar smitta kjem frå, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Onsdag vart to personar i Bjørnafjorden kommune stadfesta råka av covid-19. Eitt av smittetilfella kan sporast til utelivet i Bergen. Det er ein mann og ei kvinne i 20-åra som er smitta.

Kvar mannen har plukka opp smitta, jobba kommunen onsdag intenst med å finna ut av.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Når smittevegen ikkje er kjend, må vi intensivera jakta. Då er det fleire ein testar, som ikkje nødvendigvis er nærkontaktar. Vi må avdekkja kvar smitta kjem frå, seier Nordvik Dale og legg til:

— Vi har stort sett vore heldige, men ikkje her. Tidlegare har vi raskt funne smittevegen. Her er det ekstra viktig å skaffa seg oversikt. Difor testar vi mange.

Kommunen ventar no på svar på “ein god del prøver”.