Hugs reine hender: – Den som opnar døra, er den som deler ut godteri. Hugs reine hender, eller bruk skjei eller pølseklype, er eitt av råda frå FHI.

FHI oppmodar til å tenkje på smittevern under Halloween-feiringa - her er råda

Folkehelseinstituttet oppmodar folk til å droppa knask eller knep-runden i nabolaget på Halloween og i staden finna andre alternativ.

I ein artikkel med råd foreslår FHI skattejakt, rebusløp og liknande med dei same faste gruppene som ein vanlegvis er saman med, i staden for den tradisjonelle godterirunden i nabolaget.

– Hensikta er å redusere talet på kontaktar slik at ein reduserer sjansen for smittespreiing og bidreg til ein enklare smittesporingsjobb for kommunen dersom det blir nødvendig, seier overlege Margrethe Greve-Isdahl i FHI.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho peikar vidare på at det som på alle andre arrangement og samankomstar for tida, er viktig at ingen sjuke personar deltek, og at alle hugsar på god hand- og hostehygiene undervegs.

Det er òg viktig å følgje gjeldande råd om talet på personar som kan vera samla der ein bur, halda seg til ferdiginnpakka godteri og ikkje dela sminke med andre enn dei som ein bur saman med.

Skal ein likevel gjennomføra knask eller knep-runde, er dette FHIs tilråding:

– Både dei som ringjer på og dei som opnar opp, må vera friske.

– Ein bør halda avstand til andre grupper dersom det skulle oppstå kø utanfor hus.

– Den som opnar døra, er den som deler ut godteri. Hugs reine hender, eller bruk skei eller pølseklype.

– Vent med å eta godteriet til runden er ferdig og ein har fått vaska hendene.

– Ikkje del godteri.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ha gjerne ein vaksen med på runden.