- Eg er klar
Laila Marie Reiertsen (Frp) skal tilbake på Stortinget i oktober. Det kom litt brått på ho, men ho gler seg til å returnera.
- Kva var din første reaksjon då du fekk beskjeden?
- Eg vart litt sett ut med ein gong. Eg var budd på at det kunne skje, då eg var vara, men det kom litt brått på. No må eg snu om på A4-tilstanden, seier ho og held fram:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Men eg ser positivt på det, og kjem til å gjera det beste ut av situasjonen. Eg er klar!
Frå opposisjon til posisjon
I juni vart det klart at Reiertsen tek over for Gjermund Hagesæther som vert statssekretær. Det er førebels ikkje klart kva for komité ho skal inn i.
- Kva ønskjer du sjølv?
- Det enklaste hadde vore arbeids og sosialkomiteen der eg sat sist eg var på Stortinget. Samstundes er eg skrudd saman slik at eg tenkjer at det er positivt med nye utfordringar, seier Reiertsen.
Då Reiertsen sat på Stortinget sist, var Frp i opposisjon. Ved sist val, då Frp kom til makta, mista ho plassen sin og blei vara.
- Det blir spanande å sitja i posisjon. No har eg vore nokre år ute i arbeidslivet. Det tenkjer eg er ei god erfaring å ta med seg, seier ho.
Fullt fokus på valkamp i Os
Stortinget blir sett igjen 1. oktober. No er det fullt fokus på valkamp i heimkommunen fram mot valet i september. I desse dagar må ho og partikollegaene trø til for å hjelpa ordførar Terje Søviknes, som vart lagt inn på sjukehus i går (onsdag).
- Eg snakka med han i går, og han sa at det var påvist prolaps i ryggen. Han har ikkje hatt det godt den siste tida. Det kan henda han treng operasjon, og det kan henda det ordnar seg sjølv. Me håpar i alle fall at han vert raskt frisk, seier Reiertsen.