Politiet kontrollerte Vinmonopol-kundar som stod i kø klokka fem på ti
— Det var overraskande mange som stod og venta, fortel politiet.
Laurdag formiddag stilte politiet seg opp ved Vinmonopolet for å kontrollera bilistar som kom for å handla då dørene opna.
— Vi kontrollerte grundig, så vi fekk berre kontrollert seks personar. Den sjuande vi kontrollerte køyrde ein bil som er begjært avskilta. For å vera litt serviceinnstilte, valde vi å la vedkomande køyra heim før vi tok skilta, fortel trafikkansvarleg ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Sindre Hallem.