Ønskjer seg eit betongbusskur: — Vi er ikkje kravstore i så måte
Foreldre sakner busskur på Tombre. Meiner at det bør prioriterast skur der det jamleg er skuleborn som tek bussen.
Det er Viggo Nonås og Åse Kristin Uglehus som står bak førespurnaden til Statens vegvesen.
— Syner til søknad om busskur i 2012. Vi prøver igjen, åtte år etter førre gong. Til skuleåret 2021/22 har vi to skuleborn, som tek bussen kvar dag. Vi har ikkje busskur, skriv dei.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei peikar på at fleire stader i Bjørnafjorden blir no eldre betongskur byta ut med nye, då på fleire stader der det ikkje er folk som nyttar skura i det heile.
— Vi hadde vore svært nøgde om vi kunne fått overtatt eit av desse eldre betongskura, så kan desse nye glasskura få stå i fred der dei no er sett opp. Vi er ikkje kravstore i så måte. Ved avkøyrselen vår er det god plass til å plassera eit skur. Det er asfaltert for eigen kostnad, og eit betongskur kan setjast rett på plass, skriv dei.
Dei fekk avslag på søknaden i 2012. Foreldra håper på betre respons i 2020.
— Søknaden blei avslått etter at vegvesenet hadde hatt kontakt med Skyss og Hordaland fylkeskommune, då dei visste best kor behovet er. På utskiftinga av busskura, kan det synast som denne oversikta ikkje lenger er til stades, skriv dei og held fram:
— Etter vårt syn som foreldre, bør det prioriterast busskur der det jamleg er skuleborn som tek bussen, ikkje setja opp nye flotte busskur der bussen aldri eller sjeldan stoggar. Dette syner manglande oversikt over kvar det faktisk er passasjerar. Vi håpar no at det kan løysa seg med eit busskur, anten eit gamalt i betong, eller eit nytt i glas.