Fyrsteklassingane Nils Olav og Iver, klassebamsen Spretten og kontaktlærar Solveig koser seg med boka om JAKOB og NEIKOB.
Fyrsteklassingane Nils Olav og Iver, klassebamsen Spretten og kontaktlærar Solveig koser seg med boka om JAKOB og NEIKOB.

Førsteklasse Strandvik

Dette året er det to kjekke gutar som går i 1. klasse ved Strandvik oppvekstsenter. No har Iver og Nils Olav allereie gått mange månader på skulen. På spørsmål om kva dei liker å gjera på, kjem det mange, spontane svar.

Smartboard-tavla er spanande. Der har dei for eksempel brukt drakespelet, der dei finn både engelske og norske ord. Dei er heilt sikker på at green er det same som grøn, og red det er raud. Både Nils Olav og Iver liker godt stasjonsarbeid. Der jobbar dei med ulike norskoppgåver, matte og har Salaby eller Multiøvingar på data. Dei er opptatt av bøkene som dei kallar Hane, Sol og Måne. Begge gutane fortel at dei elskar å arbeida med labyrintar, kryssord, teikning og fargelegging. Gym er gøy. No er dei nett begynt med symjing og det er kjekt.

Kontaktlæraren heiter Solveig og 1. klassingane går alltid saman med dei åtte elevane i 2. klasse. Når me skal ta bilete og senda til avisa, møtest me på mediateket. Der får klassebamsen Spretten også vera med. Solveig les i boka om JAKOB og NEIKOB, det er morosame forteljingar som dei to flotte gutane likar godt.