Skal få det til: Leiar i friidrettsgruppa til Søfteland TIL, Morten Jensen, meiner historias første haustutgåve av Ulvenmarsjen skal vera trygg for smittefare.

Meiner det er forsvarleg å arrangera Ulvenmarsjen - slik vil dei sikra smittevernet

Medan fleire og fleire idrettsarrangement vert avlyste grunna fare for koronasmitte, går Ulvenmarsjen som planlagt om tre veker. Arrangørane er klare på at dette er forsvarleg.

— Hovudgrunnen til at me kan gjennomføra dette arrangementet, er at Ulvenmarsjen ikkje er noko publikumsevent. Samstundes går deltakarane svært spreidd og me skal unngå opphoping i start- og målområdet, forklarar leiar i friidrettsgruppa til Søfteland TIL, Morten Jensen.

Han legg til at arrangementet etter Norsk Friidretsforbunds reglar, vert rekna som mosjonsløp.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er altså eit arrangement som går utanfor bane og over eit stort område. Løypa i Ulvenmarsjen er på 1,3 mil, minnar Jensen om.

Digital påmelding

Om alt går som planlagt, går årets Ulvenmarsjen av stabelen laurdag 12. og søndag 13. september. Men den 41. utgåva av mosjonsmarsjen vert nedskalert i høve til tidlegare arrangement.

— For å unngå opphoping av folk, blir det ikkje saftstasjonar eller stopp for kunnskapsoppgåver. Det blir ein rein marsj utan noko ekstra, seier Jensen.

Han legg til at premieutdelinga vert utandørs.

— Det handlar om å nytta store område og unngå at folk går oppi kvarandre.

Ifølgje reglementet kan totalt 200 deltakarar vera med kvar dag, men dei må vera påmelde i forkant.

— Det er synd, i og med at svært mange av deltakarane tidlegare år har vore personar som spontant har hive seg med, seier Jensen.

— Så då må de berre visa dei bort?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Ja, innen fredag kveld må dei ha meldt seg på, fortel han.

Familiegrupper i lag

— Korleis vil de sikra at folk ikkje går for tett oppi kvarandre på turen?

— Det me har sagt er at kvar familie/vennegruppe må halda minst 2 meter avstand til neste gruppe. Det trur me folk vil respektera og klara å overhalda, seier Jensen.

Han legg til at fleire av dei gode, gamle veteranane alt er klare.

— Ottar Skarstein, Rolf Jensen, Nina S. Sælen, Otto Tysseland og Britt Eva Brurås som er blant dei som har gått alle 41 gongene, er alt meldt på og klare. Så får me berre håpa at også andre potensielle deltakarar hugsar å melda seg på før det er for seint, seier Jensen.