TV2: - Overlege meiner Elisabeth Thommassen kan spara seg tur til USA
Ei veke etter at innsamlinga starta, har Elisabeth Thomassen fått inn over halvannan million til kreftoperasjon i USA. Men ein kreftoverlege meiner 40-åringen kan spara seg turen.
Det er God kveld Norge-redaksjonen som skriv dette på TV2 sine nettsider tysdag ettermiddag. Redaksjonen har snakka med kreftoverlege ved Haukeland universitetssjukehus, Hans Petter Eikedal. Han gjev Thomassen lite håp når det kjem til operasjonen ho ønskjer seg.
– Ho har ein hormonfølsom og HER2-positiv type brystkreft. Dette er ein type sjukdom ho ikkje kan bli kurert for korkje i Noreg eller utlandet, uavhengig av kor mykje pengar ein måtte ha, uttalar Eikedal til God kveld Norge-redaksjonen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eikedal er friteken frå teieplikta og kan difor uttala seg til pressa i saka.
Han trur ikkje den operasjonen ho ønskjer seg vil ha effekt på hennar type kreft.
– Behandlinga ho ønskjer seg, slik eg forstår det av e-postar sendt til oss, er CAR-T-behandling. Dette er ved krefttypar, slik som brystkreft, ei eksperimentell behandling som vi ikkje veit om vil ha effekt ved denne krefttypen, utdjupar overlegen.
På spørsmål om innsamlinga hennar i så måte er bortkasta, svarar overlegen slik:
– Eg kan ikkje sjå at det i dag er grunnlag for å reisa til utlandet og få CAR-T-behandling ved brystkreft. Eg ville heller spart desse pengane frå innsamlingsaksjonen med tanke på seinare bruk på nye, lovande behandlingar.
Overlegen seier vidare at han ikkje synest det er lurt å stoppa behandlinga som Thomassen får no for å prøve noko anna.
Vil vera tolmodig
Os & Fusaposten fekk ikkje kontakt med Thomassen tysdag ettermiddag. Men til God kveld Norge-redaksjonen svarer 40-åringen slik då ho vart konfrontert med kommentarane til overlege Eikedal.
– Eg vil ikkje sløsa bort pengane. Eg vil gjennomføra ein behandling som verkar, og då må eg sitja litt på gjerdet og planleggja godt. Det skjer ting heile tida. Allereie i januar skal Noreg sjå på nokon av behandlingane som eg undersøkjer. Då må ein følgja med og vera klar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Overlege Eikesdal stadfestar at forskinga stadig går framover.
– Det har vore lovande resultat ved ein annan type av immunterapi. Dette er studium som me mogelegvis vil få til Noreg seint i haust eller over nyttår, i regi av Roche Norge. Om Elisabeth kan delta i denne studien eller ikkje, er det for tidleg å svara på no, seier han.