Ved den tidlegare barneheimen i Mobergslien var det nye stogg med nye låtar.
Ved den tidlegare barneheimen i Mobergslien var det nye stogg med nye låtar.

Turglade musikantar

Blide tilhøyrarar og strålande vêr gjorde turen opp på Liafjellet til ein leik for Os musikkforening - sjølv med tunge instrument i tursekken.

- Det var mange kreative løysingar til korleis vi kunne få med oss instrumenta i sekken. Det er ikkje berre berre å frakta ein basstrombone opp på Liafjellet, seier Ruth Elin Midtbø og ler.

- Men dei er spreke dei som spelar, så det var ikkje noko stort problem, legg ho til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sundag var Os musikkforening på tur igjen. Denne gongen gjekk ferda frå Kuvågen, via Mobergslien og til storevarden på Liafjellet. Med seg hadde musikantane sjølvsagt instrument, noter og stor speleglede.

- Det var kjempekjekt å spela. I Kuvågen var det folk på stranda og på terrassane i nærleiken, seier Midtbø.

Variert program

Musikkforeininga hadde ein liten konsert i Kuvågen før følgjet spaserte oppover til Mobergslien. Der var det ny stogg og nye låtar.

Her er turfølgjet, med instrument, på veg opp til storevarden på Liafjellet.
Her er turfølgjet, med instrument, på veg opp til storevarden på Liafjellet.

- Det var mange som følgde med oss oppover. I tillegg kom det nye til utanfor den tidlegare barneheimen i Mobergslien, fortel Midtbø.

På turen vart det nokre norske marsjar, og nokre utanlandske. Musikarane spelte også songar som "Idas Sommarvisa" frå Emil i Lønneberget og "Hon är så söt" av Bo Kaspers Orkester. "Hit the road Jack" passar også fint når ein skal ut og gå.

- Det var eit variert program som passar fint til utespeling, seier Midtbø.

Tre ensembler

På toppen spela tre ensembler. Ei kornettgruppe, ei klarinettgruppe og ei trombonegruppe.

- Det var mange som var ute og gjekk tur i finvêret, og stemninga på toppen var god, seier Midtbø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os musikkforening har fått støtte frå Gjensidigestiftelsen til å arrangera tre konsertar i det fri. Sjølv om alle desse konsertane no er gjennomførte, ser ikkje Midtbø bort i frå at det kan verta aktuelt med fleire musikkturar.

- Det har vore utruleg kjekt å spela ute. Vi burde ha gjort det mykje meir, seier ho og legg til:

- Vi har vore veldig heldige med vêret på utekonsertane våre, så vi burde kanskje ha arrangert nokre konsertar i fellesferien også.