Emil Austevoll Harlem bankar på landslagsdøra
Den talentfulle osingen er tatt ut til Norges Svømmeforbunds regionslag.
Norges Svømmeforbund startar med regionslagssamlingar frå og med september 2020. Målet med regionslag er å samla juniorsvømmarar i kvar region for å «inspirera, utdanna og matcha fleire av dei unge, lovande utøvarane som har prestasjonsnivå under landslagskrava», opplyser svømmeforbundet.
Emil får no høve til å trena med mange av dei beste svømmarane på Vestlandet i aldersgruppa 2003 til 2008.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den fyrste samlinga for Emil sin del vert i AdO Arena fyrste helga i september.