Gitarvirtuos tolkar gitarvirtuosar
Delar av repertoaret på den nye plata si har Njål Vindenes (58) spelt i meir enn 40 år. - Materialet er drøvtogge fleire gonger, seier gitaristen.
Camilla Kvamme
camilla.kvamme@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
5. mars gav Vindenes ut si fjerde soloplate, "Opus 15, Sonatas and Variations for guitar by Mario Giuliani and Fernando Sor".
Plata er ei temaplate og inneheld to sonatar av to av historias største gitarkomponistar.
- Sonatane er skrive om lag på same tid, og har mykje til felles. Faktisk er det stor usikkerheit knytt til kven av dei to komponistane som var først ute, fortel Vindenes.
To komponistar
Det er ikkje første gong Vindenes tek føre seg to komponistar på ei og same plate. På utgjevinga "Guitar Musikk av Barrios - Villa-Lobos" frå 2012 samanliknar han to sør-amerikanske komponistar.
- Giuliani og Sor var store gitarvirtuosar i Europa på byrjinga av 1800-talet, men dei to komponistane møttest aldri, fortel Vindenes.
Komponistane var aktive på same tid som Ludwig van Beethoven og Franz Peter Schubert.
- I ettertida har det nærast vore opplese og vedteke at dei var dårlege komponistar. Men påstandane kjem frå folk som ikkje kan spela gitar, seier Vindenes.
Sjølv synest han at verka fungerer veldig bra til sin bruk.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er ikkje lett å spela sonatane, men musikken passar veldig fint til instrumentet, seier gitaristen.
God opplæring
Han veit godt kva han snakkar om. Deler av repertoaret har han spelt i nærare 45 år. Alt som liten gut staka Vindenes ut den klassiske kursen.
- Eg vaks opp i ein heim med mykje musikk, bestemor mi og mor mi spelte gitar. Sjølv byrja eg då eg var sju år, fortel han.
Vindenes budde delar av oppveksten i Lier utanfor Drammen. På den tida gjekk han i lære hjå brørne Rikard og Leif Gundhus. Brørne var dei første som dreiv med klassisk gitar i Noreg.
- Foreldra mine køyrte meg både til Drammen og Oslo for å ta timar, fortel han.
Då Vindenes gjekk i 4. klasse flytta familien hans til Vinnes i Fusa. Då heldt gitarundervisinga fram på musikkonservatoriet i Bergen.
- Eg fekk den beste opplæringa som var å oppdriva. Eg har alltid visst at dette var noko eg kom til å satsa på, seier gitaristen.
Spelt inn på Vinnes
Vindenes er førsteamanuensis ved Griegakademiet si avdeling på Høgskulen i Bergen. Den nye plata si har han arbeidd med i 4-5 år, parallelt med alt det andre arbeidet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Plata er spelt inn på Vinnes. Sjølve innspelinga tok berre 3-4 dagar, fortel han.
Same dag som plata vart lansert, hadde fusingen ein liten sleppekonsert på Landmark i Bergen.
- Sønene mine arrangerer klubbkveldar på Landmark tre-fire gonger i året. Klubben heiter det, fortel Vindenes.
- Korleis var publikum?
- Dei var veldig stille. Det var ei flott oppleving. Landmark har ein veldig fin sal, seier gitaristen.