Sjekk badetemperaturane
Med siste sommarmånad rett rundt hjørnet, er nok badetemperaturane på sitt høgste på ei stund.
Teknisk drift i Os kommune målar kvar veke badetemperaturane i Os.
Gradestokken tyder på fleire varmegradar den siste veka. Vatna i Os er no på sitt varmaste på vel ein månad.
Artikkelen held fram under annonsen.
Her er temperaturane:
Søvikvågen 17
Solstrand 16
Smievågen 17
Skeistøa 18
Sigurdsvika 19
Moldafjøro 17
Mobergsvikjo 16
Artikkelen held fram under annonsen.
Kuvågen 17
Lyssandfjæra 16
Ureint i Moldefjøro og Kuvågen
- Vatnet vert også undersøkt for koliforme bakteriar. Det har stort sett vore få problem med det i Os, men det er viktig å ha kontroll på det, sa Bolstad fyrste gong dei var ute på inspeksjon.
Koliforme bakteriar er tarmbakteriar frå menneske og dyr som ikkje overlever lenge i naturen. Difor er TKB-prøver ein god indikator på fersk forureining. Godt eigna badevatn skal ha mindre enn 100 TKB per 100 milliliter vatn. Helsestyresmaktene frårår bading dersom TBK-nivået er over 1000. Dei fleste badevatna slo negativt ut på testen, men Moldefjøro viste heile 540 TKB og Kuvågen viste 170 TKB.