Lang kø: Sola steikte, medan køen på parkeringsplassen ved Fjord`n senter i Eikelandsosen berre vart lengre og lengre. Mange ville kjøpa heimelaga brød og bollar frå Fru Aarviks vesle bakeri og kjøkenhage.

REKO-ringen kom til Eikelandsosen: I kø for å skaffa seg lokale godsaker til helga

Det er ikkje berre osingane som har fått augo opp for Rejäl Konsumtion, Rettferdig Konsum eller REKO om ein vil. På hi sio av Bjørnafjorden stilte også fusingane seg i kø for å sikra seg nokre lokale godbitar.

– Det er kjempespennande og veldig, veldig gøy, seier Irene Godøy.

Ho bur på Vinnes og arbeider på ungdomsskulen i Eikelandsosen. På veg heim frå jobb har ho teke med seg varer for fleire kjenningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No er det straks sommarferie og vi kan kosa oss med lokale produkt. Eg har handla med meg alt frå brød, kringle og skillingsbollar til spekepølse og kjøt, fortel ho i solsteiken på parkeringsplassen utanfor Fjord`n senter i Eikelandsosen.

Hendene fulle: Irene Godøy har plukka med seg varer for både vener og familie.

– Ein veldig enkel distribusjonskanal

For ti dagar sidan var det premiere for REKO-ringen i Os. Torsdag var det Eikelandsosen sin tur.

Les også
Premiere for REKO-ringen i Os: Folk strøymde til frå alle kantar

Veronica Lygre frå Lygre Livsgard i Lygrepollen er blant dei som administrerer utdelingane. Ho synest det er stas med ein så lokal utleveringsstad som Eikelandsosen.

– Vanlegvis dreg me til Bergen for å selja varene våre. Det er utruleg koseleg å koma her og sjå alle folka som dukkar opp, seier Lygre.

I tillegg til Lygre Livsgard, stilte også Tønnegarden, Breievne gard og Fru Aarviks vesle bakeri og kjøkenhage på den aller første REKO-ring-utdelinga i Eikelandsosen. Planen er å ha utdelingar éin gong i månaden.

– Vona er at det kjem fleire produsentar med etter kvart. Det er ein veldig enkel distribusjonskanal, slår Lygre fast.

Grillvêr: William Lindborg handlar grillmat til helga saman med døtrene Alva og Live hjå Kari og Erica Gangstø.

Kortreist kjøt på grillen

Blant dei som har gripe sjansenm er Kari Gangstø og barnebarnet Erica Gangstø frå Tønnegarden på Samnøy.

– Det er veldig kjekt at dei får til noko slikt i nærmiljøet. Vi har akkurat bygd ny gardsbutikk på garden, men så sant vi har høve, kjem vi nok til å reisa litt rundt og levera varer også, seier Kari.

Artikkelen held fram under annonsen.

På menyen har dei mellom anna karbonader, kjøtkaker og grytekjøt frå vestlandsk fjordfe, dansk rugbrød og rauddravle.

– Rundt 17. mai selde vi veldig mykje rauddravle, fortel ho.

Anne Lise Breievne kjem frå Breievne gard på Oma. Ho har mellom anna med seg bringebæreddik, bringebærsyltetøy og det ho kallar «dyrebare dråpar» – ein alkoholfri festdrikk for heile familien.

– Responsen er veldig god for å vera første gong vi er her, meiner Breievne.

Ho går ein travel jordbær- og bringebærsesong i møte i vekene og månadene som kjem.

– Eg er litt usikker på om eg kan levera ferske bær, men så sant eg har noko å by på, kjem eg. Det er det som er så fint med REKO-ringen. Du binder deg ikkje 100 prosent, men kan reisa når du har noko å selja, seier Breievne.