Ulukke på Halhjemsvegen

I ei busslomme: Køyretøya er flytta ut av vegbanen og står i ei busslomme. Trafikken skal gå som normalt på staden.

Politiet melder om kollisjon mellom lastebil og personbil.

Naudetatane har rykt ut til ei trafikkulukke på Halhjemsvegen måndag morgon. Ulukka skal ifølgje operasjonssentralen ha skjedd ved avkøyringa til Lunde.

Det skal vera snakk om ein påkøyrsel bakfrå der ein personbil og ein lastebil har vore involvert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein person i kvart køyretøy. Førar av personbil vert sett til av helsepersonell. Framstår tilsynelatande uskadd, er meldinga frå Vest politidistrikt på Twitter.

Køyretøya er flytta ut av vegbanen og står i ei busslomme. Trafikken skal gå som normalt på staden.

– Vegen er opna for fri ferdsel, men det er ein del glasskår og nedfall i vegbanen. Veitrafikksentralen vert varsla, skriv politiet.