Ei reise i tid: Vegutløysing i 50 år
På Nordtveitgrend var det ynske om å arrangera vegfest no i juni - 50 årsfeiring for vegutløysing nordover for denne vesle grenda inst ved Bjørnafjorden. Så kom festbremsen korona. Men fest eller ikkje - historia om vegen er den same.
På forsommaren 1970 blei den splitter nye vegen frå Revna på Baldersheim til Sundvor ferdig litt om senn - og teken i bruk. Til denne tid måtte folk frå Nordtveitgrend fara til og frå i båt, der dei ikkje kunne gå. Så, den 14.juni 1970 klappa rutebåten MS “Midthordland” til kai på Nordtveitgrend for aller siste gong. Vegen var komen. Bussar overtok. Heller ikkje då var det vegfest..
Meir enn 100 år gamle vegplanar
Kampen om vegmidlar er visst alltid like kvass. Allerede i februar 1913 vedtok kommunestyret, Strandvik herad på den tida, at strekninga Hjartnes-Sundvord skulle stå som eit av punkta på lista over vegstrekningar som skulle byggjast. For å gje bygdene gjennomgangsveg stod også mange andre vegprosjekt på sakslista til kommunestyret heilt frå 1880-åra. Men åra går. Ein vegkomité oppretta i 1920, sette opp liste over vegprosjekt med til dømes “Brooverggang over sundet ved Sundvor og veg til Sundfjord og herredsgrensen mot Kvinnherad”.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hjartnes-Sundvor er kome på 34. plass på lista. Likevel er parsellen Hjartnesvågen-Haugavika under bygging i 1930-åra. I mellomkrigstida er det smått om arbeid og mange arbeidsledige. Sju karar på Nordtveit søkjer difor i 1931 om pengar til å forsørgja seg og familiane sine. Pengane ville dei ha som løn for vegbygging. Dei ville laga bygdeveg mellom Hjartnes og Sundvor. Strandvik herad hadde lite midlar til å svara positivt på denne søknaden, men blei berga ut av knipa då to Nordtveitkarar, H.B.Hjartåker og H.J.Hjartåker ville forskottera 3.485 kroner, ein respektabel sum, til eit stykke av denne vegen. (Frå boka “Ous Prestegjeld - Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen herader 1837-1937” og “Heilt andre tider” Band II s. 317)
Vegutløysing nordover
Endeleg, på slutten av 1960-talet, var vegarbeidet på strekninga Revna-Sundvor i gang. Vegen på Baldersheim blei lagt om. Den gamle bygdevegen frå Revna til Årvik hadde lege der sidan 1902 og svinga seg høgt og lågt gjennom bygda.
Den nye vegen fekk to små tunnellar på Baldersheim og ny bru over Baldersheimelva. Vidare gjekk arbeidet sørover frå Årvik med to tunnellar og bru over Femangerelva. Femangertunnellen og Skåratunnellen er begge nesten ein halv kilometer lange. Så ny veg frå Skår til Hjartnesvågen der anlegget møter bygdevegen på Nordtveit. Då minker det på pengane. Bygdevegen gjennom Nordtveitgrend blir berre pynta på dei verste punkta. På Hjartåker testa dei bygdevegen med ein buss og fant ut at viss dei fjerna stabbesteinane og støypte varamur i staden, så vann dei nokre centimeter, breidde nok til bussen. Og slik blei det. Vidare blei det laga ny veg gjennom Knappaberget til Sundvor.
Med dette har Sundvor/Nordtveitgrend fått vegutløysing nordover.
(Den nye parsellen frå gården Nordtveit til Hauavika kom fyrst i samband med bygging av Grunnasundsbrua 20 år seinare).
Tunnelldriving
I Skår dreiv dei tunnell nordover mot Femanger. Det var mange arbeidslag i sving, og tunnellane og vegtrasseane blei drivne utan borerigg, med einmanns boremaskin og dieseldrivne kompressorar.
Å laga veg mellom dei to tunnellane ved Femanger har nok vore litt av ei utfordring. Terrenget er ei hengjande bratt li som stuper rett i sjøen. Olav Åsvang fortel at han, som var yrkesfiskar, arbeidde på vegen når dei låg til lands om vinteren. Arbeidslaga “brøytte” seg fram gjennom lia, borte mellom furene og sprengte heile greia på sjøen så spruten stod og tre og stein forsvant i djupet. Det fekk han og andre fiskarar i ettertid mykje trøbbel med. Garn og nøter hengde seg fast i trerøtene på sjøbotn og fiskarane sleit sund bruka sine. Der, på Famangervågen har han og familien hans gjennom lange tider teke opp tonnevis med makrell. Ein teknikk, erfaring og kunnskap som dei har tileigna seg “gjennom morsmjølka”
Det blir også fortalt om då vegen skulle sprengjast ved Solvang på Baldersheim. Eit stort parti fjell blei bort og lasta i, til ei diger salve. Og sprengt så steinspruten stod! Kvernhuset lenger nede ved Årvikelva blei knust og ein mann som var på sjøen i båt fortalde at det såg ut som ein vulkanutbrot der oppe.
Artikkelen held fram under annonsen.
Trøbbel med bru
Å laga bru over Femangerelva viste seg å bli noko av ei utfordring. Det var uråd å finna fast fjell til fundament for brukara. I elveosen var det berre lausmassar. Femangerelva er også stor og stri i regn- og flaumtider, så arbeidet måtte gjerast i periodar med lite vassføring. Hausten 1969 var arbeidet med brua i gang. Brukara blei forskalte og støypte. Arbeidslaga hadde tidspress på seg, og fylte stein og pukk bak betongen. Litt for tidleg. Dermed velta det eine brukaret og plaska ned i elva. Der ligg det enno. Så var det å ta til med forskaling og støyping på nytt.
Asbjørn Heidal fortel:
- Eg var ein av dei første som køyrde, eller humpa meg med privatbil over anleggsvegen og Femangerbrua, før ho var ferdig. Over elva, på brukara, hadde arbeidarane laga ei provisorisk bru for lastebilar og anleggsmaskiner, for store maskiner og store hjul, plank med opning mellom.
Den 16. desember 1969 køyrde eg kjærasten min, Astrid Heidal, som var lærar på Nordtveit, heim til juleferie i Eikelandsosen. Eg hadde ein liten raud Austin. Han var smalare mellom hjula enn anleggsmaskinene, så det var balansekunst å koma seg over dei isa plankane. Og plutseleg dumpa eine hjulet ned i mellom. Men me var verken skvetne eller rådalause på den tida. Astrid hadde enno ikkje fått førarkort, men hadde kjørt traktor, Gråtass, heime på Eikeland. Ho sette seg til rattet og gav gass, og eg fann ein planke som eg lingsa bilen opp med. Slik kom me oss over. Slik kom me oss også over dammar på anleggsvegen når isen knakk.
Helgefred
Nils Nonås var oppsynsmannsassistent. Far hans, Håkon Nonås, oppsynsmann. Nils Nonås fekk opplæring og ansvar for eit arbeidslag som laga grøfter, stikkrenner og sidevegar. Han hadde ansvar for at arbeidarane fekk løn. Sprengingslaga, på 4-5 mann, arbeidde på akkord og var så effektive at dei oppnådde dei høgaste lønene, fortel han.
Seinare var det Nonås jr. som fekk ansvar for skjønn, registrering av etterarbeid og oppgjer for grunn.
Ein av dei første “Brøyt”-gravemaskinene kom til dette veganlegget, fortel Nils. Det var eit fantastisk reidskap! Og eitt års ventetid for å få tak i ei slik maskin!
Det var alltid kjekt å koma til Nordtveit, hugsar han, og ikkje nødvendig å ha kaffi med. Me blei bedne inn og fekk kaffi. Den nye vegen var kjærkomen.
Artikkelen held fram under annonsen.
På Nordtveitgrend var det helg frå laurdag ettermiddag klokka fire. Då var små og store vaska og stelte og fekk på seg kvitskjorte og helgeklede. Då senka helgefreden seg over bygda og ingen gjorde noko arbeid ute før mandag morgon. Dette gjorde sterkt inntrykk på Nonsåsen. Når han høyrer namnet Nordtveitgrend, tenkjer han helgefred.
Han fortel også om då han saman med eit arbeidslag hadde synfaring og gjekk opp veglina gjennom Knappaberga til Sundvor. Vel framme på kaien, var Martella Meidell på butikken og tok venleg imot dei. Då ho fekk greie på kven som kom og ærendet deira, drog ho i ei snor som kom gjennom eit lite hol i taket frå 2. etasje. Så høyrde dei ei kvinnestemme som ropte ned, “Ka e da?” “Du må laga kaffi til fire karar” ropa Martella opp att.
Nils Nonaas humrar godt over desse minna.
Veg til meg - ei tidsskildring
Underteikna kan fortelja frå den fyrste tida mi som lærar på Nordtveitgrend, hausten 1969.
- Eg kom søndagskvelden med rutebåten til Nordtveit. Anløpet søndag kveld var den største hendinga i bygda. Og det var mykje folk på Nordtveit på den tida. Alle som kunne krypa og gå var på kaia. Ungdomane stod på den eine sida, vaksne på den andre og ungane andektige bak i mellom. Alle skulle sjå kven som kom med båten, kven som hadde vore heime på helgevisitt, kven som hadde hatt besøk og kven som hadde hatt kjærast med seg eller på besøk.
Eg som var om bord var ikkje høg i hatten. Eg kjende ingen, men forstod snart at mannskapet og alle dei andre visste kven eg var, den nye lærarinna.
Slik gjekk denne vinteren, til og frå med rutebåten. Frå heime i Eikelandsosen måtte eg koma meg til Os eller til Baldersheim for å gå om bord i ”Midthordland” om søndagane. Ein søndagskveld far skyssa meg til Baldersheim, var det så sterk storm at båten ikkje kunne gå inn til kaien. Me måtte gjera vendereis, og eg kom meg ikkje på jobb til den mandagen.
Men utover våren 1970 hadde eg fått både kjærast og veg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gode tider for køyreskule og bilseljarar
Utover våren 1970 blei anleggsvegen teken i bruk av dei få bilane som fanst på Nordtveitgrend. Så blei det eit rush av menn og damer, mange godt vaksne, som tok buss til Norheimsund for å ta førarkort. Eller køyreskulelærar Heradstveit kom til Kilen og henta og leverte kundane sine. Han hadde nok ein god periode på den tida. Bilsalget skaut også i veret og snart var det bil i mest alle tun.
Astrid Heidal