Mann tiltalt for seksuallovbrot og vald i nære relasjonar. Dette seier statsadvokaten
– Dette er sakstypar med høge strafferammer og som påtalemakta har særskilt fokus på, seier statsadvokat Kristine Herrebrøden.
Det var i juni 2019 at ein mann i slutten av 20-åra blei gripen av politiet. Sidan har han site i varetekt. Til hausten skal han møta i Bergen tingrett. Det er sett av 12 dagar til saka, der han er tiltalt for ti ulike lovbrot.
Den unge mannen risikerer lang straff. Han er tiltalt for mishandling og valdtekter av born, samt dyremishandling.
Artikkelen held fram under annonsen.
Statsadvokat Kristine Herrebrøden seier at dette er, ut frå tiltalen sitt omfang og karakter, ei alvorleg sak.
– Mange av tiltalepunkta gjeld seksuallovbrot i nære relasjonar. Dette er sakstypar med høge strafferammer og som påtalemakta har særskilt fokus på, seier ho.
Seks av dei fornærma i saka, er tidlegare kjærastar eller sambuar med tiltalte.
June Stavland er mannen sin forsvarar. Det er eit knapt halvår til saka skal opp i Bergen tingrett. Forsvararen har fått snakka ein del med sin klient, men ho opplyser at ho ikkje vil kommentera kva han tenkjer om den alvorlege tiltalen mot han.
– Korleis han stiller seg til de ulike lovbrota, vil vi heller ikkje kommentera no. Kanskje seinare, seier ho.