Utklassa
Det var klasseforskjell på Lysekloster og Nest-Sotra i dag. Bortelaget køyrde over Lysekloster og vann til slutt 9-0(!).
- Klart dette er flaut, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal og styreleiar Svein Kollen.
Lysekloster mangla nokre sentrale spelarar, då Espen Birkeland, Petrit Zhubi, Christer Olsen og Joakim Hjelmeland er skada, og Ståle Steen Sæthre var suspendert til denne kampen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kor mykje trur de at det hadde å seia på resultatet?
- Vi tenkjer ikkje på dei som er skada. Dei som var utpå banen skal gje alt, følgja instruksar og ikkje gje opp sjølv om vi får to mål mot oss, seier Sandal.
- Kva blei sagt til spelarane i garderoben?
- Det som blei sagt i garderoben lèt vi bli der, seier Sandal.
Sjeldan over midtbanen
Nest-Sotra leia berre 2-0 til pause, men det var langt frå ufortent, og leiinga kunne vore større.
- Vi hang med til vi fekk 2-0 mot oss. Då verka det som at spelarane gav opp. Det er ikkje sjølvsagt ikkje akseptabelt, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.
Heimelaget skapte eit par sjansar i starten, men etter 2-0, var dei sjeldan over midtstreken med ballen i beina.
Rakna fullstendig
Etter pause rakna Lysekloster fullstendig. Nest-Sotra skåra fire mål på ti minutt, før dei tok foten av gasspedalen. Men dei gav seg ikkje med å skåra mål. Adnan Cirak var verkeleg målkåt i dag. Heile fem mål blei det på bortelagets spiss.
Artikkelen held fram under annonsen.
Debut for Pritchard
Ny-signeringa Josh Pritchard fekk sin debut i dag, men klarte ikkje å utmerka seg etter å ha vore sjuk den siste tida. Han fekk gult kort nesten med ein gong han kom på banen. Pritchard prøvde seg på frispark mot slutten av kampen, men Øystein Øvretveit i Nest-målet hadde brukbar kontroll. Lysekloster på botn av avdelinga med null poeng etter seks kampar. Neste kamp er borte mot Florø kommande helg.
Laget som starta:
Chris Sunde Midtun, Gojko Ivkovic, Ola Sjømæling, Denis Ljubovic, Aleksander Andersen, Baste Jonassen, Hans-Christian Nysæther, Sindre Hitland Flaa, Sigve Rørstad, Thomas Helland og Tommy Gaustad.
Innbytarar med speletid:
Martin Eidsvik, Ken-Joar Føyen og Joshua Pritchard.