Hans (90): – Klarer eg ikkje skjera dei to skivene sjølv, er det berre til å ringja doktoren
Brødkuttemaskinen er på plass igjen i butikkane, men det er ikkje alle som ser det naudsynt å bruka ho.
Dei store matvarehusa opnar no for at deira butikkar kan ta i bruk brødskjeringsmaskinane igjen. Hans Lekven er 90 år, på full fart mot 91, som han seier. Torsdag plukka han med seg to spleisebrød, men brødkuttemaskinen gjekk han rett forbi.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg var ikkje klar over at maskinen var tilbake, men uansett, klarer eg ikkje skjera dei to skivene til frukosten sjølv, så er det berre til å ringja doktoren, seier han og ler.
At det er spleisebrød Hans et, er ikkje tilfeldig. Hans er tidlegare sjømann, og har fått med seg at han ved å kjøpa spleisebrødet, støtter Stiftelsen Seilskipet Statsraad Lehmkuhl.
– Dei treng all støtte dei kan få, seier Lekven.
Det var fleire som stoppa opp ved brødkuttemaskinen torsdag. Arvid Austgulen var ein av dei.
– Eg var på veg forbi då eg høyrde at de sa at brødmaskinen var tilbake igjen, fortel Austgulen, medan brødet vert kutta opp i maskinen.
– Kva tenkjer du om at maskinen er tilbake?
– Det er veldig bra, så lenge det er trygt.
– Korleis har skivene blitt desse månadene når du sjølv har måtte ta jobben?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Litt skeive, seier Austgulen og smiler.
– Vi er gjerne blitt litt bortskjemte med desse maskinene, seier han.