Mest etterspurt: Dagleg leiar ved Sujo, Per Christian Magnus, fortel at det er kunnskap og informasjon som er mest naudsynt og etterspurt no.

Har du ei koronahistorie å fortelja?

Har du ei koronahistorie å fortelja? Då set vi pris på om du kan bruka to minutt på spørjeskjemaet nedst i teksten her.

AV: Tomas Bruvik, Landslaget for lokalaviser

Senter for undersøkande journalistikk (Sujo) og Landslaget for lokalaviser (LLA) ønskjer å finna koronahistoriene som ikkje er fortalde. I desse dagar går dei ut med eit spørjeskjema der dei oppmodar folk i heile Norge om å fylla ut skjemaet som ligg ved i teksten her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet er å sikra ei brei og informert dekning av viktige samfunnsforhold – i heile landet. Derfor skal dei innsamla historiene, og informasjonen som vert henta inn, bli stilt til rådvelde for lokale medier over heile landet, etter redaksjonell handsaming av Sujo.

Dagleg leiar ved Sujo, Per Christian Magnus, fortel at det er kunnskap og informasjon som er mest naudsynt og etterspurt no.

– Derfor treng vi ein nasjonal dugnad. Vi må få fram ny informasjon og dei historiene som ikkje er fortalde, seier han.

Det er tidlegare TV2-journalist Steinar Figved som skal gå gjennom alt materialet som kjem inn.

– Du svarer anonymt. Dersom di historie vil bli brukt, tar vi eller lokalavisa kontakt med deg. Er du ramma personleg, eller har du til dømes sett noko på arbeidsplassen din som treng offentleg merksemd? Då er det viktig at du fortel oss dette, seier Figved.

Han legg til at vi er interesserte i folk sine historier, anten dei er små eller store.

– Vi håper at folk vil fortelja oss erfaringar og historier, slik at vi journalistar kan gjera jobben vår.

– Eg trur alle som driv med journalistikk kjenner på eit stort ansvar akkurat no. Det som skjer, går så raskt og har så store konsekvensar for så mange, difor vil vi gjerne ha tips som vi kan jobba vidare med. Undersøkande journalistikk har aldri vore viktigare, legg Per Christian Magnus til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Personar som har tilgang til informasjon om kritikkverdige forhold, skal kunna tipsa oss på ein trygg måte. Så kan vi vidareformidla informasjonen til aktuelle journalister eller redaksjonar. Kanskje kan vi også få til samarbeid mellom fleire redaksjonar, seier Magnus.

Han er oppteken av at pressa sitt kjerneoppdrag er å bidra til ein meir opplyst befolkning, og håpar dette prosjektet kan bidra til akkurat det. Prosjektet er finansiert av Fritt Ord.

Her er skjemaet du kan nytta.

Det blir også publisert ein video på sosiale medium i desse dager, med link til undersøkinga. Sujo og LLA håper folk er med og deler og svarer.