Minnerik aftan
Torsdag var det mimring, boksignering og høgtlesing på Handelslaget i Strandvik. Då lanserte Johan Warhuus (84) boka «Barndomsminne frå Strandvik».
Det var fullt hus på Handelslaget i Strandvik på lanseringa i går. Familie, vener og bygdefolk møtte opp. Warhuus fortalde om bokprosjektet, og las frå boka.
- Det gjekk over all forventning. Eg trur aldri eg har sett så mykje folk på Handelslaget før. Dei måtte bæra inn stolar frå utsida for å få sitjeplassar til alle, seier 84-åringen til «Os og Fusaposten» dagen derpå.
Artikkelen held fram under annonsen.
Warhuus byrja å skriva ned barndomsminne då han var sjukemeld i lengre tid i 1985. Historiene vart publiserte i lokalavisa. Men det var først for nokre år sidan han bestemte seg for å laga bok av minna.
I tillegg til Warhuus sine historier, vart det mykje mimring og prat rundt borda i Handelslaget. Annhild Mjånes, som har vakse opp i Strandvik, las to dikt om heimbygda av Edvard Vestvik.
«Barndomsminne frå Strandvik» er gjeven ut av Bodø-forlaget Licentia Forlag AS. Boka kan kjøpast på Joker-butikken i Strandvik eller på forlaget sine nettsider.
- Det kjekkaste for meg var at det kom så mykje folk og at salet var godt. Det var heilt utruleg, seier forfattaren.